Kapp St. Vincent
nes
Land  Portugal
Kart
Kapp St. Vincent
37° N 9° W
Wikimedia Commons: Cabo de São Vicente

Kapp St. Vincent (portugisisk Cabo de São Vicente) er eit nes i Sagres i Algarve sør i Portugal. Neset er det sørvestlegaste punktet i Europa og ligg om lag 6 km frå landsbyen Sagres. Neset er eit landemerke for skip som seglar til eller frå Middelhavet. Klippene stig nesten vertikalt frå Atlanterhavet til ei høgd på 75 meter over havet.

Ved neset finn eit rikt sjøliv og mange fuglar hekkar i klippene, som haukørn, vandrefalk, glente, steintrost, klippedue, stork og hegre.

Historie endre

Kapp St. Vincent var alt ein heilag stad i steinalderen og ein har funne bautasteinar her frå denne tida som tyder på det. Grekarane kalla staden Ophiussa, folkesette området med Oestriminis og bygde eit tempel for Herakles her. Romarane kalla det Promontorium Sacrum (eller 'Det heilage neset'). Dei rekna neset som ein magisk stad der solnedgangen var større enn nokon annan stad. Dei trudde at sola sokk fresande ned i havet ved enden av verda.

I følgje ei segn er namnet på neset knytt til soga om ein martyrdrepen spansk prest frå 300-talet kalla St. Vicente etter at leivningane hans flaut i land her. Det vart bygd ein heilagdom over grava hans. I følgje den arabiske geografen Al-Idrisi var grava alltid vakta av ramner. Kong Afonso Henriques (1139-1185) fekk liket grave opp i 1173 og ført med skip til Lisboa, medan ramnane framleis følgde etter.

Området rundt neset vart plyndra fleire gonger av sjørøvarar frå Frankrike og Holland, og i 1587 av sir Francis Drake. Alle bygningar, inkludert Vila do Infante av Henrik Sjøfararen, vart rasert under Lisboa-jordskjelvet i 1755. Fransiskanarmunkar heldt til her fram til 1834, då alle kloster i Portugal vart forlatne.

Fyr endre

Kapp St. Vincent med fyret sett frå Sagres
Nordsida av Kapp St. Vincent sett frå fyret

Det noverande fyret vart bygd over ruinane av eit fransiskanarkloster frå 1500-talet i 1846. Statuar av St. Vicente og St. Francis Xavier hadde vorte flytta til den nærliggande kyrkja Nossa Senhora da Graça ved Sagresneset. Dette fyret, som ser ut over ei av dei travlaste skipsområda i verda, er det nest kraftigaste i Europa med to lampar på 1000 watt, som kan lyse 60 km avgarde.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Kapp St. Vincent

Koordinatar: 37°01′30″N 8°59′40″W