Henrik Sjøfararen
Henrik Sjøfararen (4. mars 1394–13. november 1460) var ein portugisisk prins kjend for å ha støtta dei første portugisiske oppdagingsferdene langs vestkysten av Afrika.[1]
Henrik Sjøfararen
Henrique o Navegador | |
![]() | |
Fødd | 4. mars 1394 Porto |
---|---|
Død | 13. november 1460 Vila do Bispo |
Tittel | Kristusordenens stormester |
Alle titlar | riddar, Duke of Viseu, herre |
Hus eller slekt | huset Avis |
Gravstad | Mosteiro da Batalha |
Land | Kongedømet Portugal |
Mor | Philippa av Lancaster |
Far | Johan I av Portugal |
Han var son av kong Johan I av Portugal og deltok i 1415 i erobringa av Ceuta i Nord-Afrika, der han vart guvernør. I 1419 vart han òg guvernør for provinsen Algarve i Portugal og i 1420 stormeister i Kristusordenen. Han tok initiativ til fleire portugisiske oppdagingsferder. Mellom anna til Asorane, Kapp Verde, Senegal og Gambia. Han var ikkje personleg med på ferdene, men stod for organisering og finansiering.