Kapp Zjelanija
Kapp Zjelanija (russisk Мыс Желания eller Mys Zjelanija) er eit nes heilt nord på øya Severny på Novaja Zemlja, like i nærleiken av det austlegaste punktet i Europa. Området er aude og særs utsett for den kalde polarvinteren.
Kapp Zjelanija | |||
nes | |||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Kapp Zjelanija 76°57′06″N 68°32′42″E / 76.951667°N 68.545°E | |||
Wikimedia Commons: Cape Zhelaniya |
Kapp Zjelanija er eit viktig geografisk landemerke. Det låg ein sovjetisk polarstasjon her under den andre verdskrigen som vart bombardert av den tyske Kriegsmarine under Operasjon Wunderland. Han vart ein hemmeleg teststasjon under den kalde krigen og det vart utført mange atomprøvesprengingar her, inkludert 88 atmosfæriske. Det låg ein vêrstasjon her fram til 1994.[1][2]
Neset vert rekna som skiljet mellom Barentshavet og Karahavet.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Cape Zhelaniya» frå Wikipedia på engelsk, den 14. juli 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- F. Romanenko, O. Shilovtseva, Russian-Soviet polar stations og their role in the Arctic Seas exploration.
- Historia til Nordaustpassasjen[daud lenkje]
- Geologi
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Kjelder i teksten:
- ↑ Klimadata
- ↑ Vêrstasjonen, arkivert frå originalen 3. oktober 2006, henta 14. juli 2008