Kappbeltet er ei fjellkjede lengst sørvest i Sør-Afrika. Fjellkjeda går frå Cape Town i vest til Cederbergfjella i nordvest og Port Elizabeth i aust.

Klein Swartberg sett frå Laingsburg.

Kappfjella består av bratte og kantete kvartsittoppar. Den høgaste toppen i Kappbeltet er Seweweekspoortpiek (Seven Weeks Defile Peak) på 2325 moh. Table Mountain består av kvartsitt.

Kappbeltet består av sandstein og leirskifer, som vart avsett i eit elvedelta i ordovicium. I karbontida vart sedimenta folda i samband med danninga av Pangea.

Kjelder endre

  • Askheim, Svein. (2009, 20. september). Kappbeltet. I Store norske leksikon. Henta 23. januar 2014 frå http://snl.no/Kappbeltet.