Karakol

Karakol (kirgisisk Каракол) er ein by i Kirgisistan. Han ligg 1750 moh. ved austenden av den store innsjøen Issyk-Kul, og er administrasjonssenter i Issyk-Kul-provinsen. I sovjettida heitte byen Prsjevalsk etter den russiske oppdagaren Nikolaj Przjevalskij, som døydde her i 1888.[1]

Karakol
by
Karakol cathedral.jpg
Katedralen i Karakol
Våpenskjold
Land Flag of Kyrgyzstan.svg Kirgisistan
Fylke Ysyk-Köl oblast
Provins Ysyk-Köl
Folketal 68 800
Kart
Karakol
42°29′26″ N 78°23′37″ E
Wikimedia Commons: Karakol
Dunganarmoskéen i Karakol

Byen dekkjer eit areal på 44 km², og har eit folketal på 66 294 (2009).[2]

Byen blei grunnlagd som militærstasjon i 1869. Han er industrisentrum i eit rikt jordbruksdistrikt.[1]

Turisme er ein viktig næringsveg, og Karakol er mykje brukt som startpunkt for turar i Tian Shan-fjella. Attraksjoner i sjølve byen er dunganarmoskéen av tre og den russiskortodokse katedralen, også den i tre. Seks kilometer utanfor byen ligger grava til Przjevalskij med ein minnepark og eit museum.

I Mikhailovka-bukta ligg det eit testanlegg for torpedoar.

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 «Karakol». Store norske leksikon. 14. februar 2009. Henta 3. mars 2019. 
  2. «2009 population census of the Kyrgyz Republic: Issyk-Kul Region» (PDF). Arkivert frå originalen (PDF) 10 August 2011. Henta 4. januar 2017.