Opna hovudmenyen

Nikolaj Mikhajlovitsj Przjevalskij[nb 1] (fødd 12. april 1839 i Smolensk, daud 1. november 1888 i Karakol) var ein russisk oppdagar som utforska Sentral- og Aust-Asia. Sjølv om han aldri nådde ønskemålet sitt, den heilage byen Lhasa i Tibet, reiste han gjennom område som då var ukjende i Vesten, som nordlege Tibet, Amdo (no Qinghai) og Dzungaria (no nordlege Xinjiang).[1] Han skildra fleire dyr og plantar for vitskapen, og przewalskihest og przewalskigaselle er kalla opp etter han.

Nikolaj Przjevalskij
Nikolay Przhevalsky photoportrait and signature.jpg
Verkeleg namn Никола́й Миха́йлович Пржева́льский
Fødd 31. mars 1839 (juliansk)
Kimborovo
Død

20. oktober 1888 (juliansk)
Karakol

Yrke zoolog, oppdagar, skribent, botanikar, militær, geograf
Nikolaj Przjevalskij på Commons

LivEndra

Przjevalskij var fødd i Smolensk i ein adeleg polonisert kviterussisk familie. Han hadde skulegangen sin der og ved Krigsakademiet i Sankt Petersburg. I 1864 blei han lærar i geografi ved junkerskulen i Warszawa. I 1867 blei han send av den russiske generalstaben til Aust-Sibir for å utføra ei statistisk-topografisk skildring av Ussuri-området.

I åra 1870-73 drog han på si første store oppdagingsferd, i Indre Asia på oppdrag av det geografiske selskapet i Sankt Petersburg, med berre tre menn i følgjet og små finansielle ressursar. Reisa gjekk frå Kjakhta over Beijing gjennom Ordosområdet langs Den gule floden til Alashan. Derfrå reiste han tilbake til Kalgan, der han overvitra, før han i 1872 trengde gjennom Gansu mot vest. Han drog forbi Koko Nor og gjennom den dyrerike høgsletta Zajdam, og kom, etter å ha stige over grensefjella i nordlege Tibet, til Murussu, det øvre løpet til Yangtze-elva, der han i januar 1873 på grunn av mangel på berarar var nøydd til å venda tilbake over Alashan til Urga (Ulan Bator). Berre 27 dagsreiser var att til målet hans, Lhasa.

I mai 1876 la han ut på ein ny ekspedisjon til indre Asia. Hovudmålet med ferda var å undersøka Lop Nor og Tibet. Ekspedisjonen hans gjekk gjennom eit nesten heilt ukjend område frå Kulja (Yining) i Ilidalen til Tarim-elva og via denne til Lop Nor, som truleg ingen europear hadde sett sidan Marco Polo si tid. Deretter drog ekspeditionen søraustover til Altyn-Tagh (sjå Kunlun), men ettersom Przjevalskij ikkje kunne koma til Tibet denne vegen, vende han tilbake til Kulja i juli 1877.

Etter eit nytt forsøk som måtte brytast av i slutten av same året då Przjevalskij blei sjuk, byrja han i 1879 sin tredje stora ekspedisjon. Frå Zajsan gjekk han over Barkul til Hami, passerte Gobiørkenen og oasen Satschou, steig over fjellkjeda Nanshan, og nærma seg ruta frå 1872-73; men ettrsom han heldt seg lengre vest, lukkast han i å koma tre breiddegrader lengre sør og koma 267 km unna Lhasa, då han blei beden av sendebod frå Dalai Lama om å venda tilbake. Under store strabaser, gjennom sterk kulde, snø og stormar kleiv Przjevalskij over den over 4 000 meter høge fjellkjeda Kunlun, som han på denne staden kalla Marco-Polo-fjellet.

Deretter utforska han området kring Kokonor og gjorde ei utflukt til det øvre løpet av Gulfloden for å prøva nå kjeldeområdet til elva, noko som viste seg umogleg på grunn av dei bratte fjellskrentene i området. Langs Alashan, på kjende vegar, vende han tilbake til Sibir via Urga i november 1880.

 
Monument over Przjevalskij i Sankt Petersburg

Den fjerde ekspedisjonen sin byrja han i november 1883 frå Kjakhta. Przjevalskij drog gjennom Gobiørkenen til Alashan og austlege Qajdam. På 4 140 meters høgd oppdaga han kjeldene til Gulfloden, og kom til og med fram til Yangtze-elva. Våren 1885 utforska han området mellom Lop Nor og Kerija for å koma seg over fjella som skilde Chotan frå det eigentlege Tibet, men overgangen var stengd av kinesiske forhoggingar. Przjevalskij drog derfor til Chotan og over Aksu tilbake til Karakol nær Issyk-Kul (november 1885). Her døydde han tre år seinare under førebuingane til ei femte forskingsreise.

Frå reisene sine tok Przjevalskij tilbake samlingar av dyr og plantar av stor verdi. Dei omfatta nær 20 000 zoologiske og 16 000 botaniske artar, og sysselsette mange fagfolk i ei årrekkje. Blant nokre av oppdagingane hans for vitskapen var ville kamelar og den ville przewalskihesten.

Nokre av reiseskildringane til Przjevalskij er utgjevne av Det keisarlege russiske geografiske selskapet og andre i eigne verk med kartor (1875-76, 1883 og 1888, på russisk og seinare omsett til tysk).

MerknadarEndra

  1. Også transliterert Przewalski og Prjevalsky, uttalt prʐɛˈvalʲskʲɪ

Sjå ògEndra

KjelderEndra

  1. Luce Boulnois, Silk Road: Monks, Warriors & Merchants, 2005, Odyssey Books, s. 415 ISBN 962-217-721-2
 Materiale frå Nordisk familjebok, «Przjevalskij», 1913.

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Nikolaj Przjevalskij