Karen Sogn

norsk politikar

Karen Sogn (fødd 28. april 1931 i Oslo, død 21. oktober 2013 i Lardal i Vestfold) var ein norsk Høgre-politikar. Ho representerte VestfoldStortinget frå 1977 til 1985.

Karen Sogn

Fødd28. april 1931
Oslo
Død21. oktober 2013 (82 år)
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar
Alle verv

Liv og virke endre

Karen Sogn var dotter av sagbrukssjef og disponent Hans Thaugland (1896-1972) og husmor Bertha Østby (1891-1972). Ho arbeidde etter examen artium og sekretærkurs i eit familieføretak, før ho flytta til Lardal i byrjinga av 1960-åra. Ho var gift med bonde Gunnar Sogn og arbeidde i mange år som bondekvinne på gardsbruket deira i Lardal.

Sogn var varaordfører i Lardal i perioden 1975–1977 og var innvald i Lardals kommunestyre i tre periodar (frå 1967 til 1979). Ho var vararepresentant for Høgre på Stortinget i perioden 1973–1977, og deretter fast representant til 1985.

Etter tida på Stortingen var ho blant anna nestleiar i Vaksenopplæringsrådet, styremedlem i Noregs landsbruksvitenskapelige forskningsråd og Fylkeslandbruksstyret i Vestfold, og var menighetstsrådsleiar i Svarstad og leiar for Kyrkjeleg fellesråd i Lardal.

Stortingskomitéar endre

Delegasjonar endre

Andre offentlege verv endre

  • Medlem, Ungdoms- og idrettsnemnda, Lardal (1967–1979)
  • Varaformann, Kulturstyret, Lardal (1975–1977)
  • Medlem, Menighetsrådet, Lardal (1975–1977) (representanten til formannskapet)
  • Medlem, Forliksrådet, Lardal (1976–1979)
  • Medlem, Utval til å vurdera problem med innhaldet til skulen (1979–1982)
  • Medlem, Styret for Norsk voksenpedagogisk institutt (1984–1991)
  • Nestleiar, Voksenopplæringsrådet (1985–1991)
  • Medlem, Styret for Noregs landbruksvitenskapelige forskningsråd (1986–1992)
  • Varamedlem, Rådet for Utbyggingsfondet til distrikta (1986–1991)
  • Leiar, Hovudutvalet for kultur, Lardal (1987–1991)
  • Nestleiar, Fylkeslandbruksstyret i Vestfold (1991–1995)
  • Leiar, Svarstad menighetsråd (1993–2005)
  • Leiar, Kyrkjeleg Fellesråd, Lardal (1997–2005)

Tillitsverv i parti endre

  • Medlem, Styret for Lardal Høgre (1967–1991)
  • Medlem, Styret for Vestfold Høgre (1974–1985)
  • Formann, Vestfold Høgrekvinner (1974–1977)
  • Medlem, Vestfold Høgres politiske utval (1974–1985)
  • Gruppeføre, Høgres kommunestyregruppe i Lardal (1975–1977)

Tillitsverv i organisasjonar endre

  • Medlem, Styret i Svarstad bondekvinnelag (1965–1973)
  • Medlem, Styret i Vestfold husflidslag (1972–1976)

Andre administrative verv endre

  • Medlem, Styret for Sparebanken NOR, region Vestfold (1986–1998)
  • Medlem, Representantskapet for Samuel Montagu A/S (1990–1992)

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre