Karjol er eit tohjula hestedrive køyretøy til persontransport. Nemninga «karjol» skriv seg frå fransk carriole, som er ei avleiing frå det keltiske carrus, og som betyr 'lett vogn'.

Karjol i Nærøydalen på slutten av 1800-talet.
Karjol på tysk frimerke frå 1952.

Karjolen romma ein kusk og ein til to passasjerar som alle sat i eit sete, plassert beint over hjulakslingen. Vogna hadde ein skvettskjerm i forkant, til vern mot sprut og hestelort, og ein polstra benk for passasjerane som vende framover. Karjolen var ofte utstyrt med nedfellbar kalesje for dei reisande. Karosseriet var lett, for å gjere farten høgst mogleg og spare hesten for kraftbruk.

Karjolen vart brukt av skyssbønder og postbønder til transport av embets- og bestillingsmenn og andre som var på reise. Postsendingar som var for store til å gå i ein sadelsekk vart ofte frakta med karjol. Mange hesteeigarar hadde ikkje karjol, men andre, og for dei nyttigare, farkostar på både to og fire hjul.

Karjolen var i Noreg i bruk frå kring 1800 til 1940-åra. I tiåra frå fyrste verdskrigen fram til 1940-talet vart han som framkostmiddel meir og meir bytta ut mot bilen.

BakgrunnsstoffEndra