Karl Amundsen

stortingsrepresentant

Karl Amundsen (fødd 10. november 1873 på Brandval, død 13. juni 1961 på Løten) var ein norsk snikkar og forretningsførar frå Brandval i Hedmark, og politikar for høvesvis Arbeidarpartiet og kommunistpartiet (NKP).

Karl Amundsen
Karl Amundsen.jpg
Fødd10. november 1873
Brandval
Død13. juni 1961 (87 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet, Norges Kommunistiske Parti
Yrkepolitikar, snikkar

Amundsen var fødd og oppvaksen på ein husmannsplass under garden Sjøndem i Brandval. Han gjekk i lære og vart bygningssnikkar i Kristiania, og budde så ei tid etter 1900 i Romedal der kona hans var frå. I 1904 busette han seg på Løten og arbeidde som bygningsmann til 1911, då han fekk arbeid som forretningsførar for sjukekassa i Løten og elles var «riksforsikringenes tilsynsmand».

Etter å ha vore med i styret i Hedmark Arbeidarparti i seks år, var han amtsformann i same frå 1912. Same året vart han vald til å representere einmannskrinsen Søndre Hedemarken på Stortinget. Vald inn for Arbeidarpartiet hadde han i 1913-15 sete i tollkomiteen. Ved stortingsvalet 1915 fekk han i andre valomgang 4 379 røyster, men tapte for Karl Wefring frå Frisinna Venstre som oppnådde 4 886 røyster. Både i 1921 og 1924 stilte Amundsen som kandidat ved stortingsval, i 1924 for det nyskipa Norges Kommunistiske Parti, begge gongane utan å nå opp.

Amundsen var kjend for å ha funne på avisnamnet Demokraten.

KjelderEndra