Karl Emmanuel III av Sardinia

Karl Emmanuel III (italiensk Carlo Emanuele III) (27. april 170120. februar 1773) var hertug av Savoie og konge av Sardinia frå 1730 til han døydde.

Karl Emmanuel III av Sardinia
Clementi - Charles Emmanuel III in coronation robes, Palazzo Madama.jpg
Konge av Sardinia
Regjeringstid1730-1773
Fødd27. april 1701
FødestadTorino
Død20. februar 1773
DødsstadTorino
GravstadSuperga-basilikaen
FøregangarViktor Amadeus II
EtterfølgjarViktor Amadeus III
Gift medAnne Christine of Sulzbach, Elisabeth Therese of Lorraine, Polyxena of Hesse-Rheinfels-Rotenburg
DynastiHuset Savoia
FarVictor Amadeus II av Sardinia
MorAnne-Marie d'Orléans
BornViktor Amadeus III av Sardinia, Eleonora av Savoy, Maria Luisa av Savoy, Maria Felicita av Savoy, Benedetto, Prince of Savoy, Prince Vittorio Amedeo Theodore of Savoy, Prince Emanuele Filiberto of Savoy, Prince Carlo Francesco of Savoy, Princess Maria Vittoria Margherita of Savoy, Carlo di Savoia, Duc de Chablis
Medalje som viser Karl Emmanuel III av Sardinia.

Han vart fødd i Torino som son av Viktor Amadeus II av Sardinia og den første kona hans Anne Marie av Orléans. Foreldra hennar var Filip I av Orléans og den første kona hans Henrietta Anne, yngste dottera til Karl I av England og Henrietta Maria av Frankrike.

Han steig opp på trona i 1730 då far hans la ned regjeringa. Far hans gjorde i 1731 eit forsøk på å ta trona tilbake, men då fengsla Karl Emmanuel han og heldt han fanga til han døydde i i 1732. Under den polske arvefølgjekrigen kommanderte Karl Emmanuel ein samla fransk-sardinsk tropp i Italia. I 1734 slo han austerrikarane ved Parma og Guastalla, samt erobra Milano. I freden i Wien 1735 fekk han Novara og Tortona. I den austerrikske arvefølgjekrigen (1740-1748) deltok han først på Frankrike si side ,men frå 1743 på Austerrike si side. Med Aix-la-Chapelle-traktaten etter krigen, fekk han tilbake eit område av Lombardia. For landet sitt medverka han til ei indre utvikling og bygde mellom anna kanalar og gav ut ei revidert lovsamlinga kalla Corpus carolinum.

BakgrunnsstoffEndra

KjelderEndra