Medalje (frå fransk: médaille, som kjem av latinsk metallum, som tyder metall), er runde metallstykke som er støypte eller prega med eit motiv i relieff på den eine eller båe sidene, ofte supplert med ein innskrift. Medaljar vert laga eller gjeve ut for å heidre eller minnast ein institusjon, ein person eller ei hending, for å verte nytta som synleg heider for særleg innsats eller for edel dåd, som til dømes medaljen som vert utdelt til den som får Nobels fredspris, eller medaljane kan vere premier i konkurransar eller liknande, til dømes for sigrar i dei ulike øvingane i Dei olympiske leikane.

Kongens fortenestmedalje i sølv. Til venstre er synt framsida (advers) av medaljen med portrett av kong Haakon 7, og til høgre er synt baksida (revers), der namnet på mottakaren er innprenta i midtpartiet.

Metallet som er nytta i medaljen kan seie sitt om kor verdfull ein reknar den innsatsen som vert heidra, slik det markerast i Dei olympiske leikane ved at vinnarane får medalje i gull, toarane i sølv og trearane i bronse, og ved at den norske kongelege fortenestmedalja vert gjeve ut som Kongens fortenestmedalje i sølv eller som Kongens fortenestmedalje i gull.

Medaljar skal kunne synast fram ved høgtidlege høve av vedkomande som har motteke dei, og er difor ofte utstyrt med oppheng for at dei skal berast i band kring halsen eller kunne festast til klesdrakta. Banda fylgjer med medaljen, og kan vere utstyrt med ulike symbol i metall, til dømes kross, sverd, stjerner, lauv, spenner. Desse symbola kan òg seie sitt om kva slags innsats og status medaljen gjeld.

Dei historiske forløparane for medaljane er klassiske greske og romerske myntar.

Myntkabinettet ved Kulturhistorisk museum, Universitetet i Oslo, har den største offentlege samlinga av medaljar i Noreg.

Bakgrunnsstoff endre