Karl Honz
Karl Honz (fødd 28. januar 1951) er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar som vart europameister på 400 meter for Vest-Tyskland i 1974.
Karl Honz | |
Statsborgarskap | Tyskland |
Fødd | 28. januar 1951 (73 år) Moos |
Yrke | friidrettsutøvar, sprintar |
Språk | tysk |
Høgd | 186 centimeter |
Karl Honz på Commons |
Aktiv
endreHonz sette personleg rekord på 200 m med 20,8 i 1971. Same sesongen deltok han for Vest-Tyskland i europameisterskapen i Helsingfors, men med tida 21,5 vart han slått ut i forsøksløpet.
Året etter valde Honz å satse på 400 meter. I den vesttyske meisterskapen i München i slutten av juli månad 1972 sette han europarekord med tida 44,70, det nest beste 400 m-løpet i verda den sesongen. Han hadde ingen vanskar med å nå finalen på distansen under sommarleikane på same stadion vel ein månad etter, men i finalen sprang han ikkje opp mot sitt beste og vart nummer sju med 45,68. I 4x400 meter stafett kom Honz i mål til fjerdeplass for Vest-Tyskland på tida 3.00,8.
Honz opplevde sin store triumf under friidretts-EM 1974 i Roma. På den individuelle 400-meteren var han heilt suveren og vann gullmedaljen på tida 45,04, framom David Jenkins frå Storbritannia og med sin eigen landsmann Bernd Herrmann på tredjeplass. På avslutningsdistansen i meisterskapen tok han sølv på 4x400 meter stafett for Vest-Tyskland, saman med Hermann Köhler, Horst-Rüdiger Schlöske og ankermann Rolf Ziegler, to tidels sekund bakom vinnarlaget frå Storbritannia.
Honz vart vesttysk meister på 400 m både i 1972 og 1973.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Karl Honz» frå Wikipedia på tysk, den 2. september 2014.