David Andrew Jenkins (fødd 25. mai 1952) er ein britisk-skotsk forretningsmann, friidrettsutøvar og narkotikasmuglar som bur i delstaten California i USA. Han vann EM-gull på 400 m i 1971 og i 4 x 400 m stafett i 1974.

David Jenkins


Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 25. mai 1952 (71 år)
Pointe-à-Pierre
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1980, Sommar-OL 1976, Sommar-OL 1972

Friidrett endre

Jenkins slo gjennom i 1971-sesongen med topptider som 20,6 sekund på 200 meter og 45,5 på 400 meter. Under europameisterskapen i Helsinki vann han 400-meteren hårfint føre Marcello Fiasconaro frå Italia, begge fekk sluttida 45,5. Året etter sprang han Storbritannia inn til OL-sølv i 4 x 400 m stafett, 0,6 sekund bakom Kenya sin ankermann.

I august 1974 forbetra Jenkins den britiske rekorden på 400 meter til 45,18 sekund ved eit stemne i Zürich. Under europameisterskapen i Roma tre veker seinare var han sjanselaus mot Karl Honz på den individuelle 400-meteren, men berga sølv. Derimot lukkast han spurtslå Tysklands ankermann i stafetten og sikra dermed gull til det britiske mannskapet som mellom andre bestod av Alan Pascoe.

Den 21. juni 1975 vann Jenkins i Eugene den amerikansk meisterskapen på tida 44,93 sekund, britisk rekord i 12 år. Etter 1975 makta han ikkje å gjere seg gjeldande i medaljestrid i internasjonale meisterskap, fekk likevel med seg eit EM-sølv i stafett i 1982.

Lenge etter han slutta tevle vedgjekk Jenkins at han nytta anabole steroidar under si tid som aktiv.

Narkotikasmugling endre

I 1980-åra deltok Jenkins i smugling av narkotiske stoff. Han skal ved eit tidspunkt ha vore ansvarleg for opp til 70% av smuglinga av steroidar til USA.

Jenkins vart i oktober 1987 tiltalt for å ha smugla till USA ulovlege anabole steroidar til ein verdi av 100 millionar dollar, I desember 1988 vart han dømd til sju år i fengsel. Ettersom Jenkins hadde fungert som informant, vart han lauslaten etter 10 månader bakom murane.

Næringsdrivar endre

Etter han vart sett fri frå fengsel, byrja Jenkins eit firma som driv med kosthaldstilskot. Han eig retten til ein viss type kolsyretilsette protein-drikkar.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

  • EM 1971 i Helsinki: Gullmedalje på 400 m – 45,45. Nummer 5 i 4 x 400 m stafett (3.04,9)
  • OL 1972 i München: Sølvmedalje i 4 x 400 m stafett – 3.00,4. Utslått i semifinalane på 400 m (45,91=nr 9)
  • EM 1974 i Roma: Sølvmedalje på 400 m – 45,67. Gullmedalje i 4 x 400 m stafett – 3.03,3
  • OL 1976 i Montreal: Nr 7 på 400 m – 45,57
  • EM 1978 i Praha: Utslått i 4 x 400 m stafett (3.39,9=nr 11)
  • OL 1980 i Moskva: Nr 7 på 400 m – 45,56
  • EM 1982 i Aten: Sølvmedalje i 4 x 400 m stafett – 3.00,6. Utslått i semifinalane på 400 m (47,04=nr 14)

Kjelder endre