For kunstnaren med same namnet, sjå Carl Larsson.

Karl Anton Alfred Larsson (8. mai 186816. mai 1952) var ein svensk leiar for Frelsesarmeen.

Karl Larsson
Statsborgarskap Sverige
Fødd 8. mai 1868
Norra Sandsjö församling
Død

16. mai 1952 (84 år)
Sundbybergs församling

Yrke frelsesoffiser
Verv Territoriell leiar for Frelsesarmeen i Sverige
Periode 1935-1945
Føregangar Charles T. Rich
Etterfylgjar David Wickberg

Liv og virke

endre

Larsson var fødd i Norra Sandsjö församling i Jönköpings län som den eldste av ni sysken.[1] Han var tilsett ved Litograf ab i Jönköping frå 1884 til 1890.[1]

Larsson vart frelsesarmesoldat i 1889, frelsesarmeoffiser i 1890 og kommandør i Frelsesarméen i 1919. I Frelsesarméen arbeidde han mellom anna som leiar i fleire land: i Finland (1912–1918 og 1927–1928), Russland (1918), Tjekkoslovakia (1919–1921), Sør-Amerika (1922–1926), Noreg (1928–1935) og i Sverige (1935–1945). Han var òg ein flittig songdiktar og omsettar av songar.

I 1936 gjorde Sveriges Radio det mogleg for andre trusamfunn enn Svenska kyrkan å halde morgonandakter i radio, og Larsson var ein av dei første til å utnytte dette.

Familie

endre

Karl Larsson gifta seg med songtekstforfattaren Anna Beata Dahlbom i 1897. Han var far til kommandør Sture Larsson, som var leiar for Frelsesarmeen i Noreg frå |969 til 1972, og farfar til den 17. generalen for Frelsesarmeen (verdsleiar), John Larsson. Han var og svigerfar til lyrikaren Flora Larsson, som har gjeve ut seks bøker med «samtale-bøner» - mest kjend er «Et øyeblikk, Herre» (1970).

Bibliografi

endre
  • Karl Larsson: Tio år i Ryssland – Ett kapitel ur frälsningsarméns underbara historia, Frälsningsarméns högkvarter, Stockholm 1937. OCLC 82520559.  Om Frelsesarméens arbeid i Russland i perioden 1913–1923. I perioden 1923–1991 var dette arbeidet forbode, men kunne deretter takast opp att.
  • Karl Larsson: Under order – Kommendör Karl Larssons minnen, Frälsningsarméns högkvarter, Stockholm 1945–1951. OCLC 57196493.  Sjølvbiografi.
  • PÅ ANDRA SIDAN ATLANTEN i Sveriges och Frälsningsarméns tjänst. 1946. Kommendör Larsson rapporterar från det frikyrkliga USA, inte minst från svenskamerikanska bygder.
  • TÄND ELDARNA. En samling radiotal. 1941 (Frälsningsarméns Högkvarter).

Salmar

endre

Salmar som Larsson skreiv eller omsette til svensk:

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 «Karl A A Larsson - Svenskt Biografiskt Lexikon», sok.riksarkivet.se, henta 7. februar 2024