Karl Olafsen
Karl Bolivar Olafsen (22. juni 1880–2. februar 1927) var ein norsk meieriarbeidar frå Tune i Østfold som representerte kjøpstadene i Østfold og Akershus fylke på Stortinget i åra 1922-27. Han var vald for Norges Socialdemokratiske Arbeiderparti.
Karl Olafsen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 22. juni 1880 Tune kommune |
Død |
2. februar 1927 (46 år) |
Yrke | politikar |
Politisk parti | Norges Socialdemokratiske Arbeiderparti |
Karl Olafsen var fødd utanfor ekteskap. Han voks opp i Tune og sidan Sarpsborg, men då stefaren døydde, flytta mora med familien tilbake til Tune. Frå 1895 arbeidde Karl Olafsen ved De Norske Melkefabrikker i Sandesund i tretti år.
Frå 1910 var Olafsen medlem av bystyret i Sarpsborg, som ordførar frå 1919 til han døydde. Han var også skulestyreformann i Sarpsborg 1915-18, og leiar av ein komite som handsama spørsmålet om utviding av Sarpsborg by.
Hausten 1921 vart Olafsen vald til stortingsmann frå dei fire byane i Østfold og kjøpstaden Drøbak i Akershus. Han vart vald for det nyskipa Norges Socialdemokratiske Arbeiderparti, eit parti danna av utbrytarar frå det radikaliserte Norske Arbeidarparti. Ved Stortingsvalet 1924 vart han attvald. Både i den fyrste og andre tingperioden var han medlem i Universitets- og fagskulekomiteen. Tidleg i 1927-sesjonen døydde Olafsen, 46 år gammal. Abraham Aakre rykte då inn på Tinget som tidlegare fyrste varamann.