Karl Peder Mork
Karl Peder Mork (fødd 26. juli 1993) er ein norsk målmann frå Holmenkollen i Oslo. Mellom 2014 og 2015 var han leiar for Norsk Målungdom. Tidlegare har han vore økonomiansvarleg (2012–2014) i same organisasjonen. Mellom 2016 og 2018 sat han som leiar i Studentmållaget i Oslo.
Karl Peder Mork | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 1993 (31 år) |
Verv | Leiar i Norsk Målungdom |
Periode | 2014-2015 |
Føregangar | Vebjørn Sture |
Etterfylgjar | Synnøve Marie Sætre |
Til liks med fleire tidlegare NMU-leiarar har Mork bakgrunn frå Katta Målungdom, som er målungdomen sitt lokallag ved Oslo katedralskole. Der skreiv han særoppgåve om den lokale dialekten, og la samstundes om til breiare Oslo-mål enn han var vaksen opp med.[1] Også utvekslingsopphaldet i Berlin sette språkpolitiske merke i han.
Attåt tillitsvervet er Mork musikkstudent på deltid ved Universitetet i Oslo, og han har elles livnært seg både som utøvande gitarist og snøggbåtbillettør.
Kjelder
endre- ↑ «– Oslo-guten som leika seg fram til nynorsken». Framtida. 2014.