Vebjørn Sture (f. 1987) er ein norsk målmann frå Stavanger. Frå 2008 til 2014 sat han i sentralstyret i Norsk Målungdom, dei to første åra som økonomiansvarleg, deretter som sentralstyremedlem, før han vart nestleiar i 2011. Samstundes med nestleiarvervet var han tilsett som organisasjonssekretær for Elevorganisasjonen. I 2012 vart han vald til leiar i Norsk Målungdom.[2] I 2013 gav han ut, saman med målkvinna Janne-Kristin Svarstad Nygård, pamfletten Kva skal vi med sidemål?[3]

Vebjørn Sture
Fødd1987 (37 år)
Stavanger
Statsborgar avNorsk
PartiNorsk Målungdom
YrkeStudent og møbelsnikkar[1]
EktefelleMaria Kristine Sture
VervLeiar i Norsk Målungdom 14. juli 2012–12. juli 2014
FøregangarJanne-Kristin Svarstad Nygård
EtterfylgjarKarl Peder Mork
Nettstad
www.totlevase.net

Bibliografi endre

  • Kva skal vi med sidemål? (essay) 2013

Kjelder endre

  1. «Janne Nygård og Vebjørn Sture», Samlaget, 2013, arkivert frå originalen 25. februar 2015, henta 26. februar 2015 
  2. «Vebjørn Sture er ny leiar i Målungdommen», Noregs Mållag, 26. mars 2012, arkivert frå originalen 25. februar 2015, henta 26. februar 2015 
  3. «Kva skal vi med sidemål?», Samlaget, 2013, arkivert frå originalen 25. februar 2015, henta 26. februar 2015