60°31′22.199″N 17°37′39.227″E / 60.52283306°N 17.62756306°E / 60.52283306; 17.62756306

Karlholmsbruk smie

Karlholmsbruk er ein svensk tettstad i Tierps kommun i Uppsala län i landskapet Uppland. I 2005 hadde tettstaden 1 187 innbyggjarar. Karlholmsbruk ligg cirka 25 kilometer nord for Tierp.

Karlholmsbruk ligg ved Lövstabukten av Bottenhavet. Tämnarån munnar ut ved Karlholmsbruk. Staden vert delt i blant inn i Nöttö (den vestlege delen av busetnaden), Karlholm (Bruket) og Snatrabodarna (den austlege delen av busetnaden). Karlholmsbruk vert ofte knytt til Karlit AB som blant anna produserer trefiberplater. Her ligg òg Huhtamaki Sweden AB, som produserer næringsmiddelemballasje.

Innbyggjarane i Karlholmsbruk pendlar ofte til arbeidsplassar i Tierp og Gävle. Riksväg 76 passerer Karlholmsbruk og leiar til Östhammar og Gävle.

Karlholmsbruk har eit godt bevart bruksmiljø. I åra 1735–1931 var det masomn og smie her. Treindustrien blei grunnlagt i 1910. Bruket blei anlagt av Charles de Geer, og var inntil 1917 fideikommiss under Leufsta Bruk. I 1880 blei det oppført ei lancashiresmie, som blei restaurert i 1973.

Stadnamnet

endre

Namnet kjem frå grunnleggjaren i bruket, Charles de Geer, som grunnla bruket på 1720-talet.

Kjelder

endre

Litteratur

endre
  • Dahlgren, E. W.; Huru Carlholms bruk kom till, i Med hammare och fackla 4, 1932, side 172-195
  • Godeau, Joel; Baronernas Leufsta – om brukslivet i norra Uppand på baronernas tid, 2 oppl., 1966, (410 sider) (omhandler òg Karlholmsbruk)
  • Johansson, Johan-Olov; Det gamla järnbruket, 1948, (161 sider)
  • Molin, Harry; Karlholms bruks bok – ein krönika kring ett upplandsbruk, 1950, (335 sider)
  • Nordström, Alf; Uppland, AWE-GEBERS 1983, ISBN 91-20-06266-4