Karlson på taket

Karlson på taket (svensk Karlsson på taket) «er ein akkurat passeleg tjukk mann i sin beste alder», ein Astrid Lindgren-figur som blei introdusert første gong i 1955.

Tjukke, blide Karlson dukkar opp med jamne mellomrom for å helsa på heime hjå sjuåringen Lillebror i husværet i Stockholm. Karen bur på taket og har ein propell på ryggen! Han lyg, skryt og øydelegg ting, og i byrjinga trur ikkje familien til Lillebror at han finst. Dei trur han berre er noko Lillebror har funne på for å forklare kvifor ting har vorte øydelagde. Sjølv om Karlson kan vera ufordrageleg barnsleg, blir han likevel raskt bestevennen til Lillebror.

Ilon Wikland, som har illustrert mange Lindgren-historier, gav òg form til figurane i ein teiknefilm om Karlsson på taket som kom ut i 2002.

Bøker endre

  • 1955 Lillebror och Karlsson på taket, på norsk: 1956 Lillebror og Karlson på taket
  • 1962 Karlsson på taket flyger igen, på norsk: 1963 Karlson på taket flyr igjen
  • 1968 Karlsson på taket smyger igen, på norsk: 1969 Karlson på taket spøker igjen
  • 1972 Allt om Karlsson på taket, på norsk: Alt om Karlson på taket

Filmer endre

Bakgrunnsstoff endre

Kjelde endre