Karoline Holsen Kyte
Karoline Holsen Kyte (fødd 12. mai 1993) er ein norsk motbakkeløpar frå Førde i Sogn og Fjordane. I 2013 vart ho juniornoregsmeister i motbakkeløp på Storehesten ved Bygstad i Gaular kommune.[1] I tillegg har ho fleire gode plasseringar i langrennssporet. Karoline er kjent for godt uthald, men gjer det også bra på kortare løp som Stolzekleiven opp,[2] der ho har ein 9. plass som beste plassering.
Karoline Holsen Kyte | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 12. mai 1993 (31 år) Førde |
Yrke | løpar |