Opna hovudmenyen

Gaular kommune

kommune i Sogn og Fjordane

Gaular er ein kommune i Sogn og Fjordane fylke og er ein av kommunane i Sunnfjord.

Gaular kommune
kommune
Hestad kapell.JPG
Kommunevåpen
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Sogn og Fjordane
Adm.senter Sande
Areal 582 km²
 - land 541 km²
 - vatn 41 km²
Folketal 3 006 (1. januar 2018)
Folketettleik 6 / km²
Målform nynorsk
Ordførar Mathias Råheim (H)
Kommunenr. 1430
NO 1430 Gaular.svg
Wikimedia Commons: Gaular
Nettstad: www.gaular.kommune.no

Geografisk plasseringEndra

I vest grensar kommunen mot Fjaler og dekkjer indre delar av Dalsfjorden.

Vidare strekkjer kommunen seg austover langs med Gaulavassdraget inn mot Gaularfjellet og Jostedalsbreen. Mot aust grensar kommunen mot Balestrand.

I nord grensar kommunen mot Førde og Askvoll. Førde er den næraste byen for Gaular og flyplassen til Førde (Førde lufthamn, Bringeland) ligg i Gaular.

I sør grensar kommunen mot Høyanger i Sogn.

BusetnadEndra

Det er tre hovudbygder i kommunen, Bygstad i vest, Sande og Viksdalen i aust. Busetnaden er ganske spreidd og det er få klare skilje mellom bygdene. Kommunesenteret er på Sande der også den største skulen er plassert.

FolketalsutviklingEndra

Folketalsutvikling for Gaular kommune frå 1920:

1.12.1920[1] 1.12.1930[2] 3.12.1946[2] 1.1.1951[3] 1.1.1961[3] 1.1.1971[3] 1.1.1981[3] 1.1.1991[3] 1.1.2001[3] 1.1.2010[3]
3251a 3216a 3234a 3039a 2843a 2604a 2877a 2924 2857 2778
a Talet omfattar ikkje mesteparten av grunnkrinsen Hestad, som var del av Fjaler kommune fram til 1990, då det vart overført til Gaular kommune. Dette området hadde då 90 innbyggjarar.

BakgrunnsstoffEndra

Arkiv frå Gaular kommune - i Arkivportalen.noEndra

FotnotarEndra

  1. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  2. 2,0 2,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 3,6 Folkemengd i Gaular 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.