Karusell
Karusell er ei sirkelforma dreieskive med sitjeplassar som går rundtom ein loddrett aksel. Karusellar er vanlege på tivoli, i moroparkar og på ein del leikeplassar.
Karusellar kan vera enkle skiver med handtak og/eller sitjeplassar som kan dreiast rundt med fotkraft, eller maskindrivne konstruksjonar med forseggjorte sitjeplassar som hestar, bilar eller koppar som i nokre høve kan røra seg samstundes som karuselen går rundt. Slike karusellar kan også ha lys og musikk som blir spelt medan karusellen er i gang.
Annan bruk av namnet
endre- «Karusell» var namnet på eit svensk platemerke med Simon Brehm som ein av leiarane. Det kom til Noreg i 1960 som eit av merka til Egil Monn-Iversen A/S (med Nora Brockstedt og Torhild Lindal blant artistane) og blei overteke av Polydor i 1964.
- «Karusell» er også tittelen på ein reinlender skriven av Ottar E. Akre. Oslo Trekkspillorkester med damekor spelte han inn i Oslo i mai 1947. Songen blei gjeven ut på 78-plata His Master's Voice A.L. 2920.
- «Karusell» var tittelen på vinnarbidraget i Melodi Grand Prix 1966. Songen var skriven av Jolly Kramer-Johansen og spelt inn av Kirsti Sparboe.
Kjelder
endre- «Karusell» (14. februar 2009), Store norske leksikon. Henta 6. juli 2014.
- Denne artikkelen bygger på «Karusell» frå Wikipedia på bokmål, den 6. juli 2014.