Karusell av Kirsti Sparboe

«Karusell»
Singel av Kirsti Sparboe
Land Noreg
Språk Norsk
Utgjeve 1965
Låtskrivar(ar) Jolly Kramer-Johansen

«Karusell» er ein singel av Kirsti Sparboe, gjeven ut i 1965. Songen er skriven av Jolly Kramer-Johansen.[1]

Eurovision endre

Melodi Grand Prix 1965 endre

«Karusell» deltok i Melodi Grand Prix 1965, den norske uttakinga til Eurovision Song Contest 1965 i Napoli i Italia. Songen vart framført på norsk av Kirsti Sparboe med eit lite orkester, og så på nytt med eit stort orkester. Bidraget vann med 9 886 røyster.[2][3] Opphavleg skulle kvart bidrag vorte framført av to ulike artistar, men Wenche Myhre trekte seg frå tevlinga og Sparboe framførte dimed songen to gonger.

Eurovision Song Contest 1965 endre

  «Karusell»
Eurovision Song Contest 1965
Land Noreg
Artist(ar) Kirsti Sparboe
Medverkande Øivind Bergh (dirigent)
Språk Norsk
Komponist(ar) Jolly Kramer-Johansen
Låtskrivar(ar) Jolly Kramer-Johansen
Resultat
Finalepoeng 6
Finaleplass 8
Noreg i Eurovision Song Contest
«Spiral»
(1964)
«Karusell» «Intet er nytt under solen»
(1966)

Etter sigeren i Melodi Grand Prix 1965 fekk «Karusell» representere Noreg i Eurovision Song Contest 1965. Kirsti Sparboe framførte songen på norsk. Han enda på 13. plassen med eit poeng, frå Austerrike. Øivind Bergh var dirigent.

Fotnotar endre

  1. «MGP 1965» (på norsk). OGAE Norge. Henta 6. juli 2014. 
  2. «Norway 1965» (på engelsk). esc-history.com. Henta 21. juni 2014. 
  3. «NORWEGIAN FINAL 1965» (på engelsk). natfinals.50webs.com. Henta 21. juni 2014.