Katalin Karikó (fødd 17. januar 1955) er ein ungarsk biokjemikar frå Szolnok som bur i USA. Ho har særleg forska på RNA-mediert immunaktivering. Saman med den USA-amerikanske immunologen Drew Weissman oppdaga ho at immunogenisiteten til RNA kunne svekkast gjennom nukleosidmodifikasjon. Teknologien gjer det mogeleg å nytte mRNA i handsaming av sjukdom og danna grunnlaget for utviklinga av mRNA-baserte covid-19-vaksinar (RNA-vaksine).

Katalin Karikó

Fødd17. januar 1955
Szolnok
NasjonalitetUngarn, USA
Områdebodbringar-RNA, biokjemi
Yrkeforskar, biokjemikar, universitetslærar
InstitusjonarUniversity of Pennsylvania
BioNTech
Biological Research Centre
Temple University
Uniformed Services University of the Health Sciences
Alma materMóricz Zsigmond Gimnázium és Közgazdasági Szakközépiskola
University of Szeged
University of Szeged
BarnSusan Francia
MedlemAcademia Europaea
Deutsche Akademie der Naturforscher Leopoldina
American Academy of Arts and Sciences

I 2023 vart ho tildelt Nobelprisen i medisin saman med Drew Weissmann for oppdaginga som gjorde det mogleg å utvikla mRNA-vaksinar mot covid-19.[1]

Kjelder

endre
  1. Anne Lise Stranden. «Katalin Karikó og Drew Weissman får Nobelprisen i medisin for covid 19-vaksine» (på norsk bokmål). Forskning.no. Henta 2. oktober 2023. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Katalin Karikó