Katarinahissen («Katarinaheisen») er ein offentleg personheis i Slussenområdet på Södermalm, òg kalla berre Söder, i Stockholm i Sverige. Heisen i kombinasjon med to gangbruer gjev fotgjengarsamband mellom Katarinavägen («Katarinavegen») attmed Slussen («Slusa») og Mosebacke torg.

Katarinahissen fotografert i 2011.

Katarinahissen og Slussen var i mange år kjennemerket på Stockholm som ein moderne storby, avbilda på prospektkort og nytta av kunstmålarar som motiv.

Soga endre

 
Gamla Katarinahissen fotografert i 1896
 
Flyfotografi frå 2012 av Slussenområdet, der sjølve slusa er å sjå som ein kanal under dei to bruene. Katarinahissen kan skimtast som ei konstruksjon ut mot venstre frå toppen av bygningen med den bogne fasaden heilt til høgre i biletet.
 
Katarinahissen fotografert i 1960

Katarinahissen vart bygd i 1936 saman med ein kontorbygning for Kooperativa förbundet, og inngår i det såkalla KF-huset, eit kompleks av bygningar som vart bygd i fleire etappar, den fyrste i åra 1909-1912, den andre i 1934-1936 og den siste i 1972-1974. Heisen vart stengd i 2010 av di han var i dårleg stand, men er under utbetring. Det går føre seg store byggjearbeidar i Slussen, og den avsluttande og endelege fullføringa av arbeidet på heisen er mellom anna avhengig av dette. Ein reknar med at heisen kan verte teken i bruk att i 2019.

Heisen vart opna i 1936, og erstatta då ein heis frå 1883. Den fyrste heisen vart bygd av ingeniør Knut Lindmark etter løyve frå styresmaktene i byen for å gjere det lettare for folk å ta seg fram i dette kuperte området av Södermalm, og vart då kalla Elevatorn (altså Heisen). Den belgiske verksemda Lecoq & Comp bygde heisen og gangbrua, og den USA-amerikanske verksemda Weeks & Halsey leverte det opphavlege heismaskineriet, som vart drive av ein dampmaskin, men skifta ut med ein elektrisk motor i 1915. Denne heisen vart stengd i mai 1933 og riven i juli dette året i samband med ombygging av det trafikk-knutepunktet som Slussen hadde vorte. Den nye og noverande heisen vart bygd på same plassen som ein funksjonalistisk fagverkskonstruksjon i stål, og med to heiskabinar. Til å byrje med vart desse køyrd manuelt, seinare automatisk, men framleis med tilsette folk som tok seg av biletsalet og køyringa av heisen ved å fylgje med på ferda opp og ned.

Katarinahissen har vore privat, men frå mars 2014 har Stockholm stad gått inn som deleigar.

Bakgrunnsstoff endre