Catherine av Wales

(Omdirigert frå Kate Middleton)

Prinsesse Catherine av Wales (fødd Catherine Elizabeth Middleton9. januar 1982), før ho blei gift kjend som Kate Middleton, er kona til prins William, hertug av Cambridge, som er nummer to i den britiske tronfylgja.

Catherine av Wales

FøddCatherine Elizabeth Middleton
9. januar 1982
Royal Berkshire Hospital
TittelPrincess of Wales
Alle titlarDuchess of Cambridge, Duchess of Cornwall, Princess of Wales, Countess of Strathearn
Hus eller slektFyrstehuset Windsor, family of Catherine, Princess of Wales
LandStorbritannia
MorCarole Middleton
FarMichael Middleton
EktefellePrins William, hertug av Cambridge
BarnGeorge av Cambridge, Charlotte av Cambridge, Louis av Storbritannia

Kate Middleton kjem frå Berkshire, og er eldst av tre sysken. Ho trefte prins William på University of St Andrews i Skottland, og dei var kjærastar i fleire år. Trulovinga vart kunngjort den 16. november 2010, og bryllaupet stod i Westminster Abbey den 29. april 2011. Trulovingsringen som Kate fekk av William var den same som prinsesse Diana av Wales hadde hatt. Ved giftarmålet fekk Catherine tittelen «hertuginne av Cambridge».[1]

Den 22. juli 2013 vart Catherine og William foreldre til George, 2. mai 2015 fekk dei dottera Charlotte,[2] og 23. april 2018 sonen Louis.[3]

Sjå òg

endre

Kjelder

endre
  1. Beckford, Martin (29 April 2011). «Royal wedding: Prince William and Kate Middleton become Duke and Duchess of Cambridge». The Telegraph. Arkivert frå originalen 3. oktober 2013. Henta 1. august 2013. 
  2. «Royal Birth of a daughter» (på engelsk). The Duke and Duchess of Cambridge. 2. mai 2015. Henta 20. juni 2015. 
  3. «Royal baby: Duchess of Cambridge goes into labour». BBC News. 23 April 2018. Arkivert frå originalen 17. juli 2018. Henta 21. juni 2018. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Catherine av Wales