Kategori:Koordinatsystem

Eit koordinatsystem (frå lat. koordinat - tilordna) vert brukt i matematikk for å oppgje punkt på ei linje, på eit plan eller i eit rom.

Ei tallinje kan oppfattast som eit eindimensjonalt koordinatsystem. Kvart punkt på tallinja er ein koordinat. Ein kan oppnå fleire dimensjonar ved å legge inn fleire tallinjer eller aksar. To linjer i kryss vil representere eit plan medan tre linjer i kryss vil representere eit rom.

I eit kartesisk koordinat vert punkt oppgjve ut i frå avstanden til aksar som står vinkelrett på kvarandre. Sylinderkoordninatar og polarkoordinatar nyttar i tillegg vinklar for å oppgje punktet.

Commons har multimedium som gjeld: Koordinatsystem