Katun
- Sjå også stoffet kaliko.
Katun (russisk Катунь) er ei elv i Republikken Altaj og Altaj kraj i Russland. Ho renn saman med elva Bija og dannar elva Ob, om lag 19 km sørvest for Bijsk.
Katun | |||
elv | |||
Katun i landsbyen Tungur
| |||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 60 900 km² | ||
Lengd | 688 km | ||
Middelvassføring | 626 m³/s | ||
Kjelde | Belukha | ||
Munning | Ob | ||
Katun 49°44′54″N 86°33′55″E / 49.748333333333°N 86.565277777778°E | |||
Wikimedia Commons: Katun River |
Katun er 688 km lang og har eit nedslagsfelt på 60 900 km². Ho spring ut frå isbreane på sørsida av fjellet Belukha. Elva frys til seint i november eller tidleg i desember og vert isfri att tidleg eller i midten av april. Katun har få sideelvar, mellom anna Argut, Tsjuja, Koksa og Sema. Elva er framkommeleg for skipsfart.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Katun River» frå Wikipedia på engelsk, den 6. oktober 2008.