Belukha
Belukha (russisk Белуха; altaisk Muztau) ligg i Katunfjella og er den høgaste fjelltoppen i Altajfjella i Russland og Kasakhstan.[1] Han er ein del av verdsarvstaden kalla Dei gylne fjella i Altaj.[2]
Belukha | |||
fjell | |||
Belukha sommaren 2001
| |||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Fjellkjede | Altajfjella | ||
Høgd | 4 506 moh. | ||
Lettast tilkomst | Grunnleggjande stein/snøklatring | ||
Førstestiging | B.V. Tronov & M.V. Tronov i 1914 | ||
Koordinatar | 49°48′26″N 86°36′23″E / 49.80722°N 86.60639°E | ||
Belukha 49°48′25″N 86°35′23″E / 49.806944444444°N 86.589722222222°E | |||
Wikimedia Commons: Belukha Mountain |
Belukha har to toppar som stig opp langs grensa mellom Russland og Kasakhstan, like nord for staden der desse to møter grensa til Kina og Mongolia. Det er fleire mindre isbrear på fjellet. Av dei to toppane er den austlege toppen den høgaste med 4 506 meter over havet, medan den vestlege er 4 440 meter over havet.
Belukha vart først klatra i 1914 av Tronov-brørne. Dei fleste som klatrar fjellet går opp den same sørleg ruta som dei tok første gong. Sjølv om Altajfjella er lågare enn mange andre fjellkjeder i Asia er han særs fjerntliggjande og det tar mykje tid og planlegging å komme hit.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Belukha Mountain» frå Wikipedia på engelsk, den 13. januar 2008.
Fotnotar
endre- ↑ «Mount Belukha». Encyclopedia Britannica. Henta 31. juli 2007.
- ↑ «Dei gylne fjella i Altaj». UNESCO. Henta 31. juli 2007.
Bakgrunnsstoff
endre- Altajreservatet Arkivert 2007-09-13 ved Wayback Machine.