Natriumhydroksid
kjemisk sambinding
(Omdirigert frå Kaustisk soda)
- «Lut» omdirigerer hit. For eigardelen i ei verksemd, sjå aksje.
Natriumhydroksid er ein sterk base med kjemisk formel NaOH. Stoffet er ei viktig uorganisk sambinding. I dagleg tale blir natriumhydroksid som væske ofte omtalt som lut eller kaustisk soda.
Framstilling
endreNatriumhydroksid vert framstilt ved elektrolyse av ei natriumkloridløysning. Fleire typar elektrolyseceller eignar seg til dette.
Bruk
endreNatriumhydroksid blir mellom anna brukt til å rense tette avløp, framstilling av såpe og til å lute tre.
Stoffet vert brukt som reagens i organisk kjemi og til syntese av uorganiske sambindingar.