Kay Fisker
Kay Otto Fisker (fødd 14. februar 1893 i Frederiksberg, død 21. juni 1965 i København) var ein dansk arkitekt og professor ved Kunstakademiet i København.[1] Han var eksponent for ein nasjonalt forma utgåve av den internasjonale funksjonalismen.
Kay Fisker | |
Kay Fisker | |
Nasjonalitet | Dansk |
Statsborgarskap | Kongeriket Danmark |
Fødd | 14. februar 1893 Frederiksberg |
Død | |
Utdanning | Kunstakademiet i København |
Yrke | arkitekt, designar, universitetslærar |
Kjende verk | Aarhus Universitet, Dronningegården i Dronningens Tværgade i København, Århus kommunehospital, bygningen Strygejernet og Det danske institut i Rom |
Periode | funksjonalismen |
Kay Fisker på Commons |
Hovudverket hans er Aarhus Universitet, som er tatt opp i Danmarks kulturkanon.[2][3]
Fisker gjekk på på Kunstakademiet i København frå han var 17 år gamal i 1909 til 1920, da han tok eksamen som arkitekt.
I studietida var han tilsett på Anton Rosens arkitektkontor frå 1912, hos Sigurd Lewerentz og Gunnar Asplund i Stockholm i 1916 og hos Hack Kampmann i København frå 1918.
Saman med studiekameraten Aage Rafn vann han i 1916 fystepremie i ein konkurranse om stasjonar på Gudhjemsbanen på Bornholm.[1][4] Desse vert reist i ein pittoresk nyklassisisme og ein del av dei vert freda i 1984.
Etter eksamen vert karrieren som praktiserande arkitekt dominert av ei rekkje prosjekt med husvære. Desse fekk stor påverknad i samtida og mellom anna Vestersøhus frå 1935-1939 ved Fisker og C.F. Møller blei ein modell.
Hovudverket Aarhus Universitet vert frå starten av planlagd etter 1. premieprosjektet i konkurransen om bygginga av universitetet i 1931. Det er utført av Fisker, C.F. Møller og Povl Stegmann saman med hagearkitekten C.Th. Sørensen. Dei fyrste bygningane stod ferdige i 1933 og er teikna av desse. Seinare bygningar er reist i same stil, med C.F. Møller som arkitekt.
Prisar og utmerkingar
endreFisker mottok Eckersbergmedaljen i 1926 og C.F. Hansenmedaljen i 1947 for Aarhus Universitets bygningar. Han var innehavar av Dannebrogordenen og Dannebrogordenens hederstegn, den franske Æreslegionen og den svenske Nordstjerneordenen.
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 Kay Fisker på Kunstindeks Danmark / Weilbachs Kunstnerleksikon
- ↑ Om Aarhus Universitet hos Kulturkanonen
- ↑ Begrunnelse - Kulturkanonen, arkivert frå originalen 14. april 2012, henta 13. mai 2012
- ↑ Aage Rafn på Kunstindeks Danmark / Weilbachs Kunstnerleksikon