Kayseri
Kayseri er ein stor og industrialisert by i Sentral-Anatolia i Tyrkia. Byen har kring 1 064 164 innbyggjarar og ligg 265 km søraust for Ankara, kring 1050 meter over havet.
Kayseri | |||
by | |||
Land | Tyrkia | ||
---|---|---|---|
Region | Sentral-Anatolia | ||
Provins | Kayseri | ||
Høgd | 1 050 moh. | ||
Koordinatar | 38°44′N 35°29′E / 38.733°N 35.483°E | ||
Folketal | 1 064 164 [1][2] | ||
- storby | 977 240 | ||
Borgarmeister | Mehmet Özhaseki | ||
Tidssone | EET (UTC+2) | ||
- Sommartid | EEST (UTC+3) | ||
Postnummer | 38x xx | ||
Retningsnummer | (+90) 352 | ||
Kayseri 38°43′21″N 35°29′15″E / 38.7225°N 35.4875°E | |||
Kart som viser Kayseri.
| |||
Wikimedia Commons: Kayseri | |||
Nettstad: www.kayseri.bel.tr www.kayseri.gov.tr |
Han er det administrative senteret i provinsen Kayseri. Kayseri består av fem bydistrikta Kocasinan, Hacılar, İncesu og Talas.
Kayseri ligg ved foten av den utdøydde vulkanen Erciyes som tårnar 3916 meter over havet. Byen er kjend for kulinariske spesialitetar som mantı, pastirma og sucuk. Byen har mange minnesmerke frå romersk tid og frå mellomalderen, mellom anna festninga, bygd under keisar Justinian og seinare påbygd av seldsjukkane og osmanarane, det åttekanta mausoleet Döner Kümbet frå 1237, og den vakre moskeen Kurşunlu Cami, 'Blymoskeen', frå 1500-talet, teikna av den kjente arkitekten Sinan.
Erkilet internasjonale lufthamn ligg i nærleiken av Kayseri. Erciyes universitet ligg i byen.
Historie
endreKayseri heitte opphavleg Mazaca (seinare Eusebia), og var hovudstad for kongane av Kappadokia. Han vart omdøypt til Caesarea Cappadociae i første hundreåret evt. og var hovudstad i den romerske provinsen Cappadocia. Frå 700-talet og framover vart byen utsett for fleire åtak, først av arabarane, seinare seldsjukkane, mongolane og turkmenarane. Byen vart ein del av Det osmanske riket kring 1500.
Klima
endreKayseri har eit kontinentalklima (Köppen si klimaklassifisering Dsa) med eit halvtørt klima (Köppen BSk), som består av særs kalde, snørike vintrar og varme, tørre somrar med kjølige netter. Det kjem mest regn om våren og hausten, men generelt er det lite nedbør gjennom året.
Vêrdata for Kayseri | |||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Jan | Feb | Mar | Apr | Mai | Jun | Jul | Aug | Sep | Okt | Nov | Des | År | |
Høgast målte °C | 17 | 20,1 | 26,6 | 31,2 | 33,4 | 36 | 40,7 | 40 | 36 | 32,6 | 24,8 | 21 | 40,7 |
Gjennomsnittleg maks °C | 3,9 | 5,9 | 11,6 | 17,5 | 22,1 | 26,7 | 30,5 | 30,7 | 26,6 | 20,1 | 12,3 | 5,9 | 17,8 |
Gjennomsnittleg min °C | −6,7 | −5,1 | −1,3 | 3,4 | 6,8 | 9,8 | 12,2 | 11,6 | 7,5 | 3,8 | −1 | −4,5 | 3 |
Lågast målte °C | −28,1 | −28,4 | −28,1 | −11,6 | −5,5 | −0,4 | 3,7 | 2,1 | −2,5 | −8,3 | −16,2 | −25,5 | −28,4 |
Gjennomsnittleg nedbør mm | 33,6 | 33,6 | 42,5 | 57,2 | 56,6 | 35,9 | 14,3 | 8,5 | 12,9 | 34,8 | 37,2 | 39 | 406,1 |
Gns. luftfukt (%) | 76 | 72 | 62 | 58 | 56 | 50 | 44 | 44 | 47 | 58 | 69 | 77 | 59 |
Gns. solskinstimar i månaden | 89,9 | 112 | 151,9 | 183 | 254,2 | 309 | 362,7 | 350,3 | 270 | 201,5 | 138 | 80,6 | 2 503,1 |
Kjelde: Devlet Meteoroloji İşleri Genel Müdürlüğü[3]Weather2[4] |
Kjelder
endre- ↑ - 2011
- ↑ Büyükşehir belediyeleri ve bağlı belediyelerin nüfusları - 2011, arkivert frå originalen 6. oktober 2014, henta 21. august 2012
- ↑ «İl ve İlçelerimize Ait İstatistiki Veriler- Meteoroloji Genel Müdürlüğü». Dmi.gov.tr. Arkivert frå originalen 9. august 2012. Henta 21. august 2012.
- ↑ «Desember Klima History for Kayseri | Local | Turkey». Myweather2.com. Henta 21. august 2012.
- Denne artikkelen bygger på «Kayseri» frå Wikipedia på engelsk, den 21. august 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: