Keflavík
Keflavík (uttalast kebbla-vik) er ein islandsk by med omtrent 16 500 innbyggarar i reykjanesområdet på det sørvestlege Island. Han utgjer saman med Njarðvík og Hafnir kommunen Reykjanesbær.
Keflavík | |||
by | |||
Land | Island | ||
---|---|---|---|
Folketal | 23 329 (31. desember 2023)[1] | ||
Keflavík 64°00′04″N 22°33′12″W / 64.001143°N 22.553322°W | |||
Wikimedia Commons: Keflavík |
Keflavík blei grunnlagt på 1500-talet, hovudnæringa har vore fiskeri. Frå 1940-åra til 2006 har Keflavík hatt ein amerikansk NATO-base som var sentral i overvakinga av Nordatlanteren. Etter den slutten på den kalde krigen og med det endra trusselbildet mista basen mykje av betydinga si og blei difor lagt ned.
Keflavík har dessutan ein internasjonal lufthamn, der Icelandair har sin hovudbase.