Keisar
(Omdirigert frå Keisarinne)
Keisar (kvinneleg form keisarinne) er ein adelstittel som kjem av namnet Cæsar. Cæsar var opphavleg eit eigennamn (på Julius Cæsar), men etter hans død blei det også bruka som tittel av etterfølgjarane hans, ilag med ordet emperator. På somme språk, som tysk, russisk og dei skandinaviske språka er det variantar av caesar som er bruka som tittel for ein ekstra mektig konge (Kaiser, tsar, keisar), mens til dømes fransk og engelsk brukar variantar av emperator (empereur, emperor).
Nemninga «keisar» er seinare blitt brukt om herskarar av mektige rike danna av fleire smårike, til dømes India, Kina og Japan.