Keiserens nye Klæder
«Keiserens nye Klæder» er eit kunsteventyr frå 1837 skrive av den danske forfattaren H.C. Andersen. Eventyret fortel om ein forfengeleg keisar som blir lurt til å tru at han går rundt i særs flotte nye klede som i røyndomen ikkje finst. Ingen våger å seia at dei ikkje ser kleda, sidan skreddarane som har laga dei har sagt at berre dei som er dumme eller ikkje passa i embetet sitt ikkje kan sjå det. Til slutt utbryt eit barn at han ikkje har noko på seg, og endeleg vedgår alle at dei ikkje kan sjå kleda.[1]
Eventyret kom først ut saman med «Den lille Havfrue» i København, på forlaget C.A. Reitzel, den 7. april 1837. Det er blitt omsett til over 100 språk.[2] «Keiserens nye klær» er blitt til eit fast uttrykk for uvilje mot å peika på problem eller kritisera noko som generelt er godt omtykt.[3]
Opphav
endreKunsteventyret byggjer på eldre folkeeventyr. Ei gammal kjelde finst i ei spansk fabel- og eventyrsamling frå 1335, Libro de los ejemplos (eller El Conde Lucanor),[4] av Juan Manuel, prins av Villena (1282–1348), med kjelder i Æsops fablar og persiske eventyr. Andersen hadde ikkje lese det spanske eventyret, men las ei tysk omsetjing, «So ist der Lauf der Welt».[5] I det opphavlege eventyret blir ei konge lurt av vevarar som påstår at dei kan laga klede som er usynlege for einkvar mann som ikkje er ekte son av den påståtte faren sin. Andersen endra eventyret til å fokusera på byrgskap og forfengelegheit.[6][7]
Det finst også ein indisk versjon av soga som blir gjengjeven i Līlāvatīsāra av Jinaratna (1283), ei samanfatting av ei fabelsamling som no er tapt, Nirvāṇalīlāvatī av Jineśvara (1052). Den uærleg handeslmannen Dhana frå Hastināpura svindlar kongen av Śrāvastī ved å tilby å veva eit overnaturleg stoff som ein uektefødd person ikkje kan sjå eller føla. Når kongen tek på seg det påståtte kledet lèt heile hoffet som om dei ser det. Når kongen så går ut i byen for å visa fram det nye kledet, spør vanlege folk om han er blitt til ein naken asket. Han forstår at han er blitt lurt, men svindlaren har allereie flykta.[8]
Kjelder
endre- ↑ «Keiserens nye Klæder». Dansk Wikisource.
- ↑ Andersen 2005a 4
- ↑ «Idoioms». TheFreeDictionary.com.
- ↑ Spansk Exemplo XXXIIº – De lo que contesció a un rey con los burladores que fizieron el paño. Engelsk Of that which happened to a King and three Impostors from Count Lucanor; of the Fifty Pleasant Stories of Patronio, written by the Prince Don Juan Manuel and first translated into English by James York, M. D., 1868, Gibbings & Company, Limited; London; 1899; pp. xiii–xvi. Accessed 2010-03-06.
- ↑ Bredsdorff s. 312–3
- ↑ Wullschlager 2000, s. 176
- ↑ Count Lucanor by Don Juan Manuel as Inspiration for Hans Christian Andersen and Other European Writers. HC Andersen Centret.
- ↑ Anthony Kennedy Warder (1992). Indian Kāvya Literature: The art of storytelling, Volume 6. s. 261–262, 268–270.[daud lenkje]
- Denne artikkelen bygger på «Keiserens nye klær» frå Wikipedia på bokmål, den 18. november 2018.
- Denne artikkelen bygger på «The Emperor's New Clothes» frå Wikipedia på engelsk, den 5. mai 2019.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Bibliografi
- Andersen, Hans Christian; Tatar, Maria (Ed. and transl.); Allen, Julie K. (Transl.) (2008). The Annotated Hans Christian Andersen. New York and London: W. W. Norton & Company, Inc. ISBN 978-0-393-06081-2.
- Andersen, Hans Christian; Wullschlager, Jackie (Ed.); Nunnally, Tiina (Transl.) (2005). Fairy Tales. New York: Viking. ISBN 0-670-03377-4.
- Andersen, Hans Christian; Frank, Diane Crone (Ed. and transl.); Frank, Jeffrey (Ed. and transl.) (2005). The Stories of Hans Christian Andersen: A New Translation from the Danish. Durham and London: Duke University Press. ISBN 0-8223-3693-6.
- Andersen, Jens; Nunnally, Tiina (Transl.) (2005). Hans Christian Andersen: A New Life. New York, Woodstock, London: Overlook Duckworth. ISBN 1-58567-737-X.
- Bredsdorff, Elias (1975). Hans Christian Andersen: The Story of His Life and Work, 1805–75. London: Phaidon Press Ltd. ISBN 0-7148-1636-1.
- Prince, Alison (1998). Hans Christian Andersen: The Fan Dancer. London: Allison & Busby Ltd. ISBN 0-7490-0478-9.
- Robbins, Hollis (Autumn 2003). «Emperor's New Critique». New Literary History 34 (4): 659–675. ISSN 0028-6087. doi:10.1353/nlh.2004.0010.
- Wood, Naomi (2007). «The Ugly Duckling's Legacy: Adulteration, Contemporary Fantasy, and the Dark». Marvels & Tales 20 (2): 193–207. doi:10.1353/mat.2007.0019.
- Wullschlager, Jackie (2000). Hans Christian Andersen: The Life of a Storyteller. Chicago: University of Chicago Press. ISBN 0-226-91747-9.
- Zipes, Jack David (2005). Hans Christian Andersen: The Misunderstood Storyteller. New York and Middleton Park: Routledge. ISBN 0-415-97433-X.
Bakgrunnsstoff
endre- Keiserens nye klæder ved Dansk Wikisource
- runeberg.org Keiserens nye Klæder skann av førsteutgåva frå 1837 (gotisk skrift)