Æsops fablar
Æsops fablar, Esops fablar eller på latin Aesopica (gresk Μῦθοι Αἰσώπειοι) er ei samling moralske forteljingar eller fablar frå den greske antikken som ifølgje folketradisjonen opphavleg skal ha blitt fortald av Æsop, ein frygisk slave som levde på øya Samos frå 620 til 560 f.Kr. Dei korte, poengterte fablane handlar ofte om dyr med menneskelege eigenskapar, men òg om folk, plantar og naturkrefter, og representerer folkeleg vidd og livsvisdom. Dei er både underhaldande og preikande, og har blant anna blitt nytta som moralske lærestykke i barneoppsedinga. Fablane blei fyrst skrivne ned av Demetrios frå Faleron på 300-talet f.Kr, men samlinga har sidan blitt gjendikta, omdikta og utvida, og blitt fortalt både på vers og som prosa i ei mengd versjonar i den vestlege litteraturen. Framleis blir det gjeve ut nye utgåver av den gamle greske folkeboka over heile verda, som oftast som barnebok med nye illustrasjonar og ulikt utval av forteljingar.
Historikk
endreEin veit ikkje noko om Æsop bortsett frå at han skal vera opphavet til dei gamle greske fablane. Mange av historiene i samlinga, til dømes Reven og druene («høgt heng dei og sure er dei!»), Skjelpadda og haren og Gjetarguten og ulven (eller Guten som ropte ulv) er enno velkjende forteljingar i dag.
Æsops fablar var opphavleg munnlege forteljingar som må ha vore populære langt tilbake i tid i det gamle Hellas. Den fyrste skriftlege samlinga ein kjenner til blei skriven ned i prosaform av Demetrios Falereus på 300-talet f.Kr.. Denne har seinare gått tapt. Den romerske fabeldiktaren Babrius skreiv fablane på vers på gresk på 100-talet e.Kr., og denne samlinga eksisterer enno. Det finst òg ei latinsk utgåve skriven ned av den romerske fabeldiktaren Fædrus, som gjorde fablane til ein del av sine eigne samlingar på vers ein gong mellom år 1 og 50 e.Kr. Hans samling blei toneagjevande for all seinare fabeldikting. Ein munk frå 1300-talet, Maximus Planudes, ordna ei biografisk samling av Æsops fablar.
Det moralfilosofiske sluttpoenget i fablane til Æsop, på gresk kalla epimythion («fabelord»), blei lagt til i ettertid og høyrar ikkje til dei opphavlege greske versjonane. Ifølgje Platon versifiserte Sokrates Æsops fablar i tida før avrettinga si, og han kan dermed vera opphavsmannen til det moralfilosofiske sluttpoenget.[1]
Det er blitt føreslått at ein sura eller eit kapittel i Koranen med tittelen Luqman kan referera til Æsop, som var ein velkjend figur i Arabia på profeten Muhammed si tid.
Den første trykte boka på engelsk med Æsops fablar blei omsett og gejven ut av William Caxton i 1484. Den tidlegaste svenske utgåva er frå 1603.
Fleire forfattarar har gjendikta eller blitt inspirert av fablane til Æsop. Den franske diktaren Jean de La Fontaine (1621–1695) gav frå 1668 til 1694 ut tolv bøkar under samletittelen Fables, korte, ofte humoristiske dyrehistorier på vers direkte inspirert av Æsop-forteljingane og andre antikke og folkelege fablar. Hans enkle, men formfullendte fablar er blitt nokre av dei mest siterte versa i Frankrike. Også den russiske diktaren Leo Tolstoj har skrive frie versjonar av fleire av Æsops fablar.
-
Teikning av tre motiv frå Æsops fablar funne på Bayeux-teppet
-
Fabelen Bonden og sønnne hans frå William Caxton si engelske omsetjing av Æsops fablar i ei utgåve frå 1500.
-
Aesopus moralisatus, 1485
Norske utgåver
endreAv norske utgåver av Æsops fablar kan ein nemna Tilla og Otto Valstad si omsetjing frå 1918 (gjenutgitt i modernisert språkdrakt i 1962), Herman Wildenvey si Æsops fabler i norske dikt frå 1941, Hanna Wiig si Esops fablar og Johs. A. Dale si nynorsk-utgåve av den same teksta, begge frå 1951 (gjenutgjeve i 1970) og med illustrasjonar av Reidar Johan Berle, og Mentz Schulerud so Æsops fabler. 143 moralske forteljingar frå 1975 (gjenutgjeve med litt færre fablar i 1990 og 1995). Æsops fablar har òg blitt omsette til norsk frå fleire internasjonale utgåver, ofte med store illustrasjonar og eit mindre utval fablar.
Sjå òg
endre- Æsop
- Panchatantra, ein vidt utbreidd, klassisk samling indiske dyrefabler
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Æsops fabler» frå Wikipedia på bokmål, den 31. august 2021.