Keith Reid
Keith Reid (fødd Keith Stuart Brian Reid, 19. oktober 1946) er ein engelsk låtskrivar som har skrive tekstane til alle songane Procol Harum skreiv og spelte inn. I mange år har han budd i USA.
Keith Reid | |
Fødd | 19. oktober 1946 (76 år) |
---|---|
Fødestad | Welwyn Garden City i Hertfordshire i England |
Dødsstad | London |
Fødenamn | Keith Stuart Brian Reid |
Opphav | Storbritannia |
Aktiv | 1967 til i dag |
Sjanger | Psykedelisk rock, progressiv rock |
Tilknytte artistar | Procol Harum |
Verka som | Tekstforfattar, låtskrivar |
Sjølv om han ikkje song eller spelte instrument for bandet, vart Reid rekna som ein særs viktig del av den langvarige suksessen til bandet i lag med vokalist og låtskrivar Gary Brooker. I lag skreiv dei nesten alle songane til bandet.
Han skreiv òg tekst for debutalbumet til den franske songaren Michel Polnareff i 1966. Reid sette sidan opp sitt eige managementfirma, Full House, arbeidde på eit skodespel og flytta til Manhattan i 1986. Han var òg medlåtskrivar på John Farnham-songen «You're the Voice», som kom i 1986.
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «Keith Reid» frå Wikipedia på engelsk, den 12. mai 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: