Gary Brooker

britisk komponist

Gary Brooker, MBE, (fødd 29. mai 1945) er ein engelsk songar, låtskrivar, pianist og ein av grunnleggarane av rockebandet Procol Harum. Brooker vart medlem av Order of the British Empire i 2003 for det veldedige arbeidet sitt.

Gary Brooker
2018 Procol Harum - Gary Brooker - by 2eight - 8SC9048.jpg
Fødd29. mai 1945 (75 år)
FødestadHackney, East London
OpphavStorbritannia
Aktiv1960-åra til i dag
SjangerProgressiv rock, rock and roll, jazz
InstrumentVokal, piano, kornett, trombone
Tilknytte artistarProcol Harum
The Paramounts
Willie and the Poor Boys
Bill Wyman's Rhythm Kings
Verka somMusikar
Prisarmedlem av Den britiske imperieordenen

Brooker vart kjend gjennom innspelingane sine med Procol Harum, der særleg samarbeidet med Keith Reid var vellukka. I 1967 stod dei bak suksessen «A Whiter Shade of Pale». Etter at bandet vart oppløyst i 1977, starta Brooker ein solokarriere og har vore gjestemusikar med blant andre Paul McCartney, George Harrison, Tim Renwick, Frankie Miller, Mickey Jupp, The Hollies, Alan Parsons Project, Allan Clarke, Kate Bush, Bill Wyman og Eric Clapton.

I 1996 spelte han i filmen Evita med Madonna, Jonathan Pryce og Antonio Banderas. Etter at Procol Harum vart samla att i 1990-åra starta bandet å turnere, noko dei framleis gjer i dag. Brooker er det einaste originale medlemmet att i bandet.

DiskografiEndra

SoloalbumEndra

  • 1979: No More Fear of Flying
  • 1982: Lead Me to the Water
  • 1985: Echoes in the Night
  • 1996: Within Our House (konsertalbum)

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra