Kekova, òg kalla Caravola, er ei lita tyrkisk øy nær Demre i provinsen Antalya som vender mot landsbyane Kaleköy (i antikken Simena) og Üçağız (i antikken Teimioussa). Kekova har eit areal på 5,7-10,07 km² og er ikkje busett.

Kekova
øy
Land  Tyrkia
Areal 5,7 km²
Folketal 0
Kart
Kekova
36°11′00″N 29°53′00″E / 36.183333333333°N 29.883333333333°E / 36.183333333333; 29.883333333333
Wikimedia Commons: Kekova
Nordaustsida av Kekova sett frå Kaleköy (antikkens Simena).
Ruinar under vatn ved Kekova

Etter at Italia okkuperte Kastelorizo vart Kekova — som på denne tida var mellombels busett om sommaren for skoghogst — omstridd mellom Italia og Tyrkia. I 1932 vart øya gjeven attende til Tyrkia.

På norsida av øya ligg ruinane av Dolchiste/Dolikisthe, ein by frå antikken som vart øydelagd av eit jordskjelv på 100-talet og er i dag delvis under vatn.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

36°11′0″N 29°53′0″E / 36.18333°N 29.88333°E / 36.18333; 29.88333