Kelly Sotherton
Kelly Jade Sotherton (fødd 13. november 1976) er ein britisk tidlegare friidrettsutøvar som tevla i mangekamp og i lengdehopp. Ho vann bronsemedaljen i sjukampen i Sommar-OL 2004 og Friidretts-VM 2007.
Kelly Sotherton | |
Statsborgarskap | Storbritannia |
Fødd | 13. november 1976 (48 år) Newport |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2004, Samveldeleikane 2006 |
Utmerkingar | medlem av Den britiske imperieordenen |
Aktiv
endreFyrst 25 år gammal fekk Sotherton plass i det britiske friidretts-landslaget. Under dei olympiske leikane i Aten i 2004 overraska ho stort og vann bronsemedaljen i sjukampen med sine 6 424 poeng. Ved hall-EM i Madrid i mars 2005 vart ho med 4 733 poeng nummer 2 i femkamp, berre svenske Carolina Klüft var betre. I meistermøtet i Götzis sanka Sotherton 6 547 poeng, livsbeste i sjukamp og ny andreplass bak Klüft. Under verdsmeisterskapen 2005 i Helsinki kom ho på femteplass i sjukamp og åttandeplass i lengdehopp.
I 2006 vann Sotherton sjukamptevlinga ved samveldeleikane i Melbourne med 6 396 poeng. Våren 2007 sette ho britisk rekord i femkamp med 4 927 poeng i hall-EM, som to år tidlegare enda ho på sølvplass bak Klüft. Under verdsmeisterskapen 2007 i Osaka 2007 sikra ho seg med 6 510 poeng bronsemedaljen.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Kelly Sotherton» frå Wikipedia på engelsk, den 2. juli 2021.