Kenmare
Kenmare
TidssoneUTC+0
Folketal2,175 (2011)
Høgd over havet8 meter
Plassering

Kenmare
51°52′48″ N 9°35′1″ W

Kenmare (irsk An Neidín 'det litle reiret')[1][2] er ein liten by sør i County Kerry på Irland. Namnet «Kenmare» er ein anglisert versjon av Ceann Mara,[1] 'toppen av sjøen', som viser til at byen ligg inst i Kenmare Bay.

Kenmare ligg inst i Kenmare Bay, som også blir kalla Kenmare River, der elva Roughty (An Ruachtach) renn ut i havet. Han ligg mellom halvøyane Iveragh og Beara. Busetnader i nærleiken er Tuosist, Ardgroom, Glengarriff, Kilgarvan, Killarney, Templenoe og Sneem.

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 Collins Irish Gem Dictionary. Great Britain: HarperCollins Publishers. 2006. ISBN 0-00-719160-X. 
  2. «Irish Placenames Database – Kenmare entry». Henta 24. august 2013. 

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Kenmare
  Reiseguide for Kenmare frå Wikivoyage