Opna hovudmenyen
Kentucky Rain
Singel av Elvis Presley
B-side «My Little Friend»
Utgjeve 29. januar 1970
Innspelt 19. februar 1969 i American Sound Studio i Memphis i Tennessee
Sjanger Country
Lengd 3:20
Selskap RCA 9791
Låtskrivar(ar) Eddie Rabbitt, Dick Heard
Produsent Chips Moman
Elvis Presley-kronologi
«Don't Cry Daddy»

(1969)

Kentucky Rain «The Wonder of You»

(1970)


«Kentucky Rain» var ein song av Elvis Presley i 1970. Ronnie Milsap spelte piano på innspelinga og han vart skriven av Eddie Rabbitt og Dick Heard. Songen vart innspelt i American Sound Studio. Singelen nådde 16. plassen på poplista i USA.

«Kentucky Rain» vart utgjeven på singel den 29. januar 1970, og var ein av dei tidlege hittane i 1970-åra for Elvis sjølv om songen ikkje kom med på samlealbumet Worldwide 50 Gold Award Hits Vol. 1 (LPM-6401). Songen kom ut på nyutgjevinga av From Elvis in Memphis i 2000, men var ikkje med på originalalbumet frå 1969. På konsertane i Las Vegas i februar 1970, spelte han songen på kvar konsert, og introduserte han som ein ny song «som kjem ut om ei veke». Konsertversjonar finst i plateboksane Elvis Aaron Presley og Live in Las Vegas. Songen omhandlar ein uroa kjærast som leiter etter kjæasten sin med han går gjennom regnet i Kentucky.

ListerEndra

Lister (1970) Plassering
U.S. Billboard Hot 100 16
U.S. Billboard Adult Contemporary 3
U.S. Billboard Hot Country Singles 31
Canada RPM Top Singles 10
Canada RPM Adult Contemporary Tracks 4
Canada RPM Country Tracks 1

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra