Keplers nova (offisielt Supernova 1604) er ein supernova som flamma opp i stjernebiletet Slangeberaren (Ophiuchus) i oktober 1604. Han nådde storleiksklasse −2,5 og var synleg for det nakne auga i 18 månader. Han var på den tida meir lyssterk enn alle andre stjerner og planetar, utanom Venus

Eit bilete i falske fargar av supernovaresten frå SN 1604. Foto: NASA.

Den første registrerte observasjonen var nord i Italia den 9. oktober 1604.[1] Johannes Kepler byrja å observere supernovaen medan han arbeidde i Praha for keisar Rudolf II den 17. oktober.[2] Han fekk sidan namn etter Kepler fordi han observerte novaen i nesten eitt år.

Supernovaresten etter denne supernovaen vert rekna som ein prototype av sitt slag og vert framleis mykje studert innan astronomien.

Kjelder

endre
  1. Delle Colombe L., Discorso di Lodovico Delle Colombe nel quale si dimostra che la nuova Stella apparita l’Ottobre passato 1604 nel Pilario non è Cometa, ne stella generata, ò creata di nuovo, ne apparente: ma una di quelle che furono da principio nel cielo; e ciò esser conforme alla vera Filosofia, Teologia, e Astronomiche dimostrazioni, Firenze, Giunti, 1606.
  2. «Bill Blair's Kepler's Supernova Remnant Page». Arkivert frå originalen 16. mars 2016. Henta October 7, 2009Mal:Inconsistent citations .

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Keplers nova