Keplers nova
(Omdirigert frå Keplers supernova)
Keplers nova (offisielt Supernova 1604) er ein supernova som flamma opp i stjernebiletet Slangeberaren (Ophiuchus) i oktober 1604. Han nådde storleiksklasse −2,5 og var synleg for det nakne auga i 18 månader. Han var på den tida meir lyssterk enn alle andre stjerner og planetar, utanom Venus
Den første registrerte observasjonen var nord i Italia den 9. oktober 1604.[1] Johannes Kepler byrja å observere supernovaen medan han arbeidde i Praha for keisar Rudolf II den 17. oktober.[2] Han fekk sidan namn etter Kepler fordi han observerte novaen i nesten eitt år.
Supernovaresten etter denne supernovaen vert rekna som ein prototype av sitt slag og vert framleis mykje studert innan astronomien.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Kepler's Supernova» frå Wikipedia på engelsk, den 20. juni 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Delle Colombe L., Discorso di Lodovico Delle Colombe nel quale si dimostra che la nuova Stella apparita l’Ottobre passato 1604 nel Pilario non è Cometa, ne stella generata, ò creata di nuovo, ne apparente: ma una di quelle che furono da principio nel cielo; e ciò esser conforme alla vera Filosofia, Teologia, e Astronomiche dimostrazioni, Firenze, Giunti, 1606.
- ↑ «Bill Blair's Kepler's Supernova Remnant Page». Arkivert frå originalen 16. mars 2016. Henta October 7, 2009Mal:Inconsistent citations.
- «Keplers nova», Store norske leksikon, 4. november 2009, henta 13. august 2014
Bakgrunnsstoff
endre