Kerem Ben Zimra
Kerem Ben Zimra (כֶּרֶם בֶּן זִמְרָה) er ein moshav nær Safed i Øvre Galilea nord i Israel. Han høyrer til Merom HaGalil regionale kommune.
Kerem Ben Zimra | |||
moshav | |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Nord distrikt | ||
Kommune | Merom HaGalil regionale kommune | ||
Koordinatar | 33°2′17.52″N 35°28′6.96″E / 33.0382000°N 35.4686000°E | ||
Folketal | 445 (2015) | ||
Kerem Ben Zimra 33°02′18″N 35°28′07″E / 33.0382°N 35.4686°E | |||
Kart som viser Kerem Ben Zimra.
| |||
Wikimedia Commons: Kerem Ben Zimra |
Oversyn
endreDen arabiske landsbyen Al-Ras al-Ahmar som ligg same stad, vart avfolka i 1948.[1] Moshaven vart grunnlagd i 1949 av immigrantar til Israel frå Tyrkia, og sidan kom immigrantar frå Romania og Marokko til. Rabbi Meir Yehuda Getz (1924–1995), ein kabbalist og den første rabbien ved Vestmuren i Jerusalem, var av grunnleggjarane av moshaven.[2] Moshaven er kalla opp etter rabbien David Ben Zimra, som vart gravlagd i lag med faren Yosef nær moshaven.
Kerem Ben Zimra naturreservat
endreI 1968 vart det oppretta eit 68 mål stort naturreservat[3] sør for moshaven.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Kerem Ben Zimra» frå Wikipedia på engelsk, den 16. mars 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Khalidi, Walid (1992), All That Remains, Washington D.C.: Institute for Palestine Studies, ISBN 0-88728-224-5, p488.
- ↑ Joseph Finklestone (4. november 1995). «OBITUARY: Rabbi Yehuda Meir Getz». The Independent. Henta 16. mars 2015.
- ↑ «List of National Parks and Nature Reserves» (PDF) (på hebraisk). Israel Nature and Parks Authority. Arkivert frå originalen (PDF) 7. oktober 2009. Henta 16. mars 2015.