Kerrin Lee-Gartner
Kerrin Lee-Gartner (fødd 21. september 1966) er ein kanadisk tidlegare alpin skirennar frå Trail i British Columbia, som vart olympisk meister i utfor i 1992.
Kerrin Lee-Gartner | |
Statsborgarskap | Canada |
Fødd | 21. september 1966 (58 år) Trail |
Idrett | alpint |
Tok del i | Vinter-OL 1994, Vinter-OL 1988, alpine skiing at the 1992 Winter Olympics – women's downhill |
Utmerkingar | Canada's Sports Hall of Fame, British Columbia Sports Hall of Fame |
Under Vinter-OL 1992 i Albertville vann Lee-Gartner eit av dei tettaste utforrenna i OL-soga. Med tida 1.52,55 tok ho gullmedaljen med ein margin på seks hundredels sekund til Hilary Lindh frå USA og ni hundredelar til austerrikske Veronika Wallinger, medan dei to store førehandsfavorittane, tyske Katja Seizinger og Petra Kronberger frå Austerrike, kom berre hundredelar etter bronsevinnaren.
Lee-Gartner vann aldri eit renn i verdscupen i alpine greiner. Mellom desember 1990 og januar 1994 sikra ho seg seks pallplasseringar, fire i utfor og to i super-g. Ho la opp etter 1994-sesongen.
Kjelder
endre- (en) Kerrin Lee-Gartner – Profil og resultatoversikt hos FIS
- «Kerrin Lee-Gartner» (på engelsk). olympedia.org. Henta 25. januar 2023.