Ketoj er ei vulkanøy sentralt i Kurilane i Sakhalin oblast i Russland. Øya er sirkelforma og har eit areal på 73 km² og ein diameter på 10 km.

Ketoj
fjell
KetoiSTS112-E-5674.PNG
Satellittbilete frå NASA av Ketoj
Land Flag of Russia.svg Russland
Område Kurilane
Fjelltype Stratovulkan
Høgd 1 172 moh.
Siste utbrot 1960
Koordinatar 47°21′0″N 152°28′30″EKoordinatar: 47°21′0″N 152°28′30″E
Kart
Ketoj
47°19′0″ N 152°31′0″ E
Wikimedia Commons: Ketoy

Midt på øya ligg ein 1,5 km brei kaldera med ein liten kratersjø. Terrenget er bratt og kupert med fleire fjell. Langs kysten av øya er det bratte klipper som er frå 30-60 meter høge i aust og i sør til enno høgare klipper i vest og i nord. Strendene på øya består hovudsakleg av stein og steinblokker. Øya har ei høgd på 1172 meter over havet. Ketoj er framleis aktiv og hadde det siste utbrotet sitt i 1960.

KjelderEndra