Ketosyrer er organiske syrer som inneheld ei ketogruppe (–CO) i strukturen sin. Ei særleg viktig gruppe av ketosyrer er dei som har ketogruppa i nabostilling (α-stilling) til karboksylgruppa. Dette er syrer med generell struktur R–CO–COOH, der R er ei organisk-kjemisk gruppe. Dei oppstår til dømes ved oksidativ deaminering av aminosyrer, og dessutan ved transamineringsreaksjonane til aminosyrene. Eit døme er pyrodruesyre med strukturen CH3–CO–COOH, som òg oppstår i glykolysen. Ei anna viktig gruppe av ketosyrer er β-ketosyrer, som er syrer med generell struktur R–CO–CH2–COOH. Dei oppstår under enzymatisk nedbryting av feittsyrer i organismen og under feittsyrebiosyntesen.

Strukturen til tre ketosyrer, frå topp til botn: pyrodruesyre, acetoeddiksyre og levulinsyre

Kjelder endre

«ketosyrer» i Store norske leksikon, snl.no. Henta 16. januar 2017.

  Denne kjemiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.