Organiske syrer er organiske sambindingar med sure eigenskapar. Den vanlegaste av desse, karboksylsyra, får sin surheit frå karboksylgruppa (–COOH). Sulfonsyrer, som inneheld atomgruppa –SO2OH, er forholdsvis sterke syrer. Alkoholar, som innheld ein eller fleire hydroksylgrupper (–OH), kan opptre som syrer, men er normalt veldig svake. Andre grupper med forholdsvis svak syreverknad er tiolgruppa (–SH), enolgruppa og fenolgruppa.

Organiske syrer er vanlegvis svake og løyser seg, i motsetning til uorganiske syrer, ikkje fullstendig opp i vatn. Lågmolekylære organiske syrer, som maursyre og mjølkesyre, er normalt blandbare i vatn; høgmolekylære organiske syrer, som benzosyre, er uløyselege i molekylform. Organiske syrer løyser seg generelt lett opp i organiske løysingsmiddel. Den forholdsvis sterke syra p-toluensulfonsyre er ofte brukt i organisk kjemi fordi ho er lettløyseleg i organiske løysingsmiddel.

Eksempel på vanlege organiske syrer er eddiksyre, eplesyre, maursyre, mjølkesyre, oksalsyre, sitronsyre og urinsyre.

Sjå òg endre

Kjelder endre