Feittsyre

karboksylsyre med ei lang alifatisk kjede, som kan vere anten metta eller umetta

Feittsyrer er organiske syrer (karboksylsyrer) som blir framstilte ved feittspalting.

Skjematisk tredimensjonell framstilling av ulike feittsyrer.
Samanlikning av trans-isomeren (øvst) elaidin og cis-isomeren oljesyre.

Alle feittsyrer består av ei kjede med karbonatom. I den eine enden av kjeda er det ei karboksylsyregruppe (-COOH), i den andre enden er det ei metylgruppe (-CH3). I metta feittsyrer er kvart karbon i kjeda bunde til to hydrogenatom, utanom karbonatoma ved endane. I umetta feittsyrer er det eitt eller fleire karbonatom som berre har eitt hydrogenatom bunde til seg. Dette er eit resultat av ei dobbeltbinding mellom to karbonatom som ligg attmed kvarandre.

Feittsyrer som har dobbeltbindingar, har andre kjemiske og fysiske eigenskapar enn feittsyrer med berre enkle bindingar. Umetta feittsyrer har lågare smeltepunkt enn dei metta feittsyrene. Feittstoff med mykje umetta feittsyrer er flytande ved romtemperatur. Linolsyre har atten karbonatom og to dobbeltbindingar. Notasjon for syra blir då 18:2. Kroppen kan stort sett omforme ein type feittsyre til ein annan etter behov.

Feittsyrer kan ha ei eller fleire dobbeltbindingar, og blir høvesvis kalla einumetta og fleirumetta. Fleirumetta feittsyrer blir delt inn i fleire grupper avhengig av kvar dobbeltbindingane ligg på molekylet. Omega-3-feittsyrer har første dobbeltbinding tre karbonatom frå metylenden, og omega-6-feittsyrer har den første dobbeltbindinga seks karbonatom frå metylenden.

Feittsyrene blir delt inn i to kategoriar; essensielle og ikkje-essensielle. Dei ikkje-essensielle feittsyrene kan kroppen lage sjølv, men dei essensielle må tilførast gjennom kosthaldet.

Dobbeltbindingane i dei umetta feittsyrene reagerer lett med lufta. Slik oksideringsprosess kan stoppast av oksidantar som C- og E-vitamin.[1]

Umetta feittsyrer endre

Ei umetta feittsyre har ein eller fleire dobbeltbindingar i molekylstrukturen. Feittsyra kan mettast ved opptak av hydrogenatom.

Feittsyra vert normalt namngjevne einumetta eller fleirumetta avhengig av kor mange dobbeltbindingar feittsyra har.[2]

Kjelder endre

  1. «fettsyrer», Store Norske Leksikon'
  2. «umettet fettsyre», Store Norske Leksikon